Jagten

Jagten er den beste filmen eg har sett hittil i år, og fortener sin plass og nokon velvalde ord på Filmdagbok. Det vanskelege med dei aller beste filmane er derimot å skrive godt nok til å formidle det rette inntrykket og årsakene til at filmen totalt sett er topp.

For det er ingen ting åleine som gjer Jagten til ein sterk film, men det totale produktet han er. Nokon poeng har eg likevel tenkt å ta opp og sette lys på.

Det eine er behandling av sanninga som filmen gjer med historia, eller det bevisste verkemiddelet å styre unna sanninga blir. Utspringet til dramatikken i Jagten er ein påstand, ein påstand som får store konsekvensar. Det er i stor grad konsekvensane me følger, mens behandlinga av sanninga eller løgna bak påstanden er akkurat passe vag. Dette gjer det vanskeleg å sympatisere eller dømme, med andre ord å ta side. For me får til dels inntrykk av at påstanden er usann, og me sympatiserer med protagonisten (Mads Mikkelsen). Men, og det er alltid eit men som følger i filmen, kva viss påstanden som blir lagt fram har sitt utspring i noko meir enn det me kan få inntrykk av.

Eg vel bevisst å unngå detaljar, til og med overflatiske detaljar. Det er ei glede å stille med blanke ark ovanfor ein fantastisk god film, og bli kjent med alt frå kva han handlar om til korleis det blir utført undervegs. Jagten er ein film du trygt kan sjå, utan å lese om.

Eit anna poeng er stemninga og spenninga. Jagten handlar om eit ubehageleg tema, men er ikkje fullt og heilt ein ubehageleg film. Det er meir spenning enn ubehag. Og tematikken tatt til vurdering er det ein fri film, i motsetning til forventingane som oppstår undervegs, om kva protagonisten kan finne på med tilværet sitt.

Utover dette er det meste andre på plass. Med det tenker eg at ingenting teknisk utmerkar seg som negativt, karakterane og stilen til filmen høyrer til realismen og oppbygginga er upåklageleg. Jagten er klart anbefalt.

Jagten 2012 plakat - Filmdagbok