Jailhouse Rock

Film · 1957 · · 11. mars 2014
3/5

Elvis Presley spelte og hadde hovudrolla i to filmar i 1957. Den eine var Loving You, og den andre var Jailhouse Rock.

I Jailhouse Rock spelar Elvis Presley rolla som Vince Everett, ein ung mann som må i fengsel. Der oppdagar cellekameraten hans at han har eit musikalsk talent, og når tida er inne for å sleppe ut er han gira på å gjere det stort.

Everett har til ein grad god forretningssans. Og han er dårleg til å omgå folk. Til den grad at han behandlar sine næraste venner dårleg. Desse to tema, i tillegg til ein heil del glimrande musikalsk innslag, er filmen i eit nøtteskal.

Hadde det vore nokon andre som spelte som Elvis Presley , så kunne det lett ha vore i overkant. Og det har nok også å gjere med at hans stil, frå roleg til aggressive til apatisk, passar Everett-karakteren godt.

Litt røff i kantane er nok Jailhouse Rock, og filmen er på toppen av ei rett fram og enkel historie, ikkje spesielt grasiøs i all vendingane. Det er ikkje ein amatørproduksjon, men ein trygg og god filmproduksjon. Og det er heller ikkje meint som kritikk, men for å påpeike kva type straumlinjeforma musikal dette er.

I skrivande stund har eg til gode å sjå mesteparten av filmografien til Elvis Presley , men i forkant av dette har eg lese at denne og King Creole er sett på som blant dei betre filmane til Elvis Presley. Eg kan skrive under på at om du skal sjå ein av filmane hans, så er dette eit godt val.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Jailhouse Rock 1957 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Elvis PresleyJudy TylerMickey ShaughnessyVis alle

Sjangrar

Land