Jak zostac gwiazda

Film · 2020 · · 16. februar 2021
3/5

Jak zostac gwiazda er ein polsk film om ein musikkonkurranse. Filmen har på Netflix fått tittelen Fierce, og handlar nettopp om ei litt arg ung kvinne som hamnar midt i musikkonkurranse på grunn av eit sinne.

Det byrjar med at eit musikkprogram på tv, litt likt Idol, skal halde audition i byen kor den unge kvinne bur. Dette fordi ein av dommarane er derifrå. Det viser seg fort at den unge kvinna er dottera til dommaren. I forsøk på å møte han, melder hos eg på konkurransen for å få tilgong til bygningen audition blir halde i. Ho utmerkar seg ved å skjelle ut dommaren, og resten er historie.

Jak zostac gwiazda er litt overalt. Det er ein artig film i blant. Andre gonger er det grei musikk. Så prøver filmen å vere litt mørk, men eg tykkjer ikkje han lukkast så godt med det. Og andre gonger igjen er musikken dårleg. Det er ein god miks av inntrykk. Det mest interessante er nok at dette er ein polsk film. Som land er ikkje Polen eit eg har hatt mange filmmøter med. Bortsett frå nyleg sette 365 dni som var eit makkverk, har eg berre sett eit par flotte klassikarar av Juliusz Machulski. Så dette innblikket i eit meir normalt Polen var fint å få med seg.

Filmen kan fungere som lett underhalding med musikalske innslag på ein laurdagskveld, men eg legg ikkje så mykje meir i han. Verken eigne ord eller vidare anbefaling.

Les også ei melding på readysteadycut.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Jak zostac gwiazda 2020 plakat - Filmdagbok