Jawbreaker

I det som er ein slags mellomting mellom Mean Girls og Heathers, men på langt nær er like god som nokon av dei, møter me tre venninner som skal halde skjult at dei har drepe den fjerde venninna.

Det som byrjar som ei overrasking og kidnapping på fødselsdagen endar opp med kveling og eit lik. Det får så vere at det var eit uhell, for Courtney (Rose McGowan) insisterer på at dei skal dekke over drapet på eit vis.

Detaljer, detaljar og så vidare. Så skal dei gjere den mest anonyme jenta på skulen, Fern (Judy Greer), populær. Og dette går ikkje så bra i lengda.

Problemet med Jawbreaker er at det er mykje snakk, og at snakket er uinteressant. At filmen tar lett på alvoret er ein del av komedien, men gjennomføringa legg også ein dempar på det eventuelle engasjementet eg kunne ha hatt for handlinga. Det blir kanskje ikkje mørkt nok, komisk nok, eller særlege gode karakterar som du kan mislike eller sympatisere med.

Jawbreaker hadde eg ikkje høyrt om før eg spesifikk oppsøkte tenåringsfilmar frå 1999, og det er med god grunn at denne ikkje blir nemnt. Til det er filmen for anonym.

Kjente skodespelarar kan i blant tilføre ein ekstra dimensjon, og her er det nok av kjente ansikt. Men det skjer ikkje her. Det kan vere viss dei har gjort noko spesielt ut av seg i løpet av karrieren sin, og tar med inntrykket eg har danna av dei inn i filmen og spelar på det. Enten det er i forkant eller etterkant av filmen det er snakk om.

Jawbreaker 1999 plakat - Filmdagbok