Jay and Silent Bob Reboot

Film · 2019 · · 30. august 2021
2/5

Mitt forhold til Kevin Smiths filmar har vore godt i mange år. Eg gav blant anna den førre filmen om Jay og Silent Bob, Jay and Silent Bob Strike Back frå 2001 4/5.

Jay and Silent Bob Reboot er ein gjenoppstart som handlar om å vere ein gjenoppstart, ein metafilm. Det er ein film som blandar litt rølpete komedie med meir vaksen tematikk.

Jason Mewes gjer ein god figur som Jay. Og Kevin Smith som Silent Bob fungerer også godt. Men eg var nok ikkje heilt på bølgelengde med historia, typen humor eller greia med å ha med kjente folk for syns skuld. Det heile verka som ei obligatorisk øving. Sjølv om eg veit at tanken bak å lage filmen var lysta på å samle folk igjen og ha det moro.

Så filmen har sine gode deler og eit par fine stunder. Men han har langt igjen til å nå minnet mitt om tidlegare møter med Kevin Smiths filmar. Han tilfører ingenting nytt, og nostalgien treff ikkje.

Les også ei melding på filmfront.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Jay and Silent Bob Reboot 2019 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Joey Lauren AdamsBen AffleckFred ArmisenVis alle

Sjangrar

Land