Jeremiah Johnson

Film · 1972 · · 3. juli 2007
4/5

Jeremiah Johnson er sagaen om ein fjellmann, spelt av Robert Redford. Mannen Jeremiah Johnson har bestemt seg for å leve på det naturen har å tilby ved jakt og fiske, og legg ut mot Rocky Mountains nesten utan kunnskapar om korleis han kan overleve.

Filmen skildrar dei situasjonane han hamnar i, folka han møter, deriblant indianarar, og viser læringskurva hans på truverdig vis.

Me får eit godt omgrep av tida, og det blir funne ein god balanse mellom at det blir brukt god tid, men at det likevel ikkje blir kjedeleg.

Ei anna årsak til dette er at filmen er rik på opplevingar, og ei fantastisk fin naturskildring. Han er spennande, lærerik og ektefølt.

Men alt er ikkje fryd og gammen, etter eit visst punkt har filmen nådd toppen, og resten blir berre ein diffus vandring utan mål og meining. Det som starta så bra, bygde seg opp og heldt lenge på noko godt, snublar i seg sjølv mot slutten.

Det var vel filmen, som for så vidt også er veldig morosam innimellom, sitt einaste vonbrot i mine auger.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Jeremiah Johnson 1972 plakat - Filmdagbok