Jeremiah

Serie
2002–2004
4/5

Jeremiah er kanskje ikkje den mest kjent serien. Han gjekk på Showtime i USA mellom mars i 2002 og september i 2004. To sesongar, der den andre er litt kortare enn den første, blei det altså før serien såg sin ende.

Historia er som følgjande. Eit virus har tatt livet av alle menneske over pubertetsalder, og no – 15 år etter, i ei post-apokalyptisk verd, følger me ein ung mann, Jeremiah, og hans nye venn Kurdy. Serien startar med å introdusere Jeremiah, og Kurdy følger på i løpet av første episode, som er ein dobbelepisode på totalt 1 time og 30 minuttar. Dei kjem etter kvart fram til Thunder Mountain, ein militærbase i eit fjell der ei gruppe menneske har samla seg. Og dei får innpass i denne gruppa.

No avslører eg stort sett heile første episode her, så det er sagt, men det må til for at forklaringa om kva serien for det meste handlar om ikkje skal bli meiningslaus. For av Thunder Mountian-gruppa får Jeremiah og Kurdy i oppdrag å reise rundt og samle informasjon. I den samanhengen møter dei på ei mengde ulike grupper menneske, oftast med eit større problem per episode. Også blir det til å løyse desse problema.

Det er kanskje tre eller fire år sidan eg såg serien førre gang, og han gjorde altså så godt inntrykk på meg at eg ville sjå han igjen. Litt av magien er blitt borte, men eg blei iallfall godt knytt til folka her igjen. Ei hovudhistorie vil få meir kjøt på beinet etter kvart utover første sesong, og serien samlar nye trådar undervegs som saman gir ein viss idé om kva retning det heile tek. Saman med å forkynne, i form av enkeltbaserte episodehistorier, at samla står ein sterkare, alle individ er like mykje verdt og at du må stå opp for seg sjølv.

I tillegg er det ganske lett å gjennomskoda at det heile har ein religiøs undertone, og det er veldig ofte snakk om ein gud i ei eller anna form, tru på ein gud, eller mangel på tru og tvil. Mest opp mot kristendommen – sidan det jo er ein amerikansk serie. Eg har i grunn ingen problem med ein serie av denne typen, så lenge det ikkje er snakk om propaganda i nokon form, Jeremiah held det også på eit labert nivå.

Andre sesong var nok den mest spennande sesongen, ettersom han hadde ein tydelegare raud tråd på tvers av episodane.

Jeremiah 2002-2004 plakat - Filmdagbok

Publisert

20. september 2006 av

Merkelapp

Showtime

Skapar

J. Michael Straczynski

Skodespelarar

Luke Perry (I), Malcolm-Jamal Warner, Peter Stebbings, Ingrid Kavelaars, Byron Lawson, Sean Astin, Robert Wisden (I), Joanne Kelly, Kim Hawthorne, Kandyse McClureVis alle 305 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Science fiction

Land

USA, Canada

IMDb

IMDb-side om Jeremiah