Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill

Den nyaste standupspesialen til Jerry Seinfeld er den første med nye vitsar sidan slutten av 1990-talet. Som ei Netflix-lansering var han lett tilgjengeleg, og ein ting eg umiddelbart fekk lyst til å sjå når eg brått oppdaga han på tenesta.

Etter Jerry Before Seinfeld frå 2017, som var eit standupshow med gamle vitsar frå før Seinfeld-serien, så var ikkje forventingane dei høgst. Men det stoppa ikkje lysta til å sjå Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill.

Og dette er ein spesial som leverer. Det er bygd opp på eksemplarisk vis. Det byrjar roleg og blir berre betre og betre utover, før det toppar seg like før slutt. Ikkje alt er blant det beste, men framføringa blir ei veldig god totaloppleving som det ikkje er mykje å setje fingeren på.

Eg fekk meir enn det eg forventa, og så mykje som eg håpa på. Er du fan av Jerry Seinfeld, så vil eg anbefale denne vidare.

Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill 2020 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. juli 2020 av

Merkelapp

Netflix

Regissør

Joe DeMaio

Manusforfattar

Jerry Seinfeld

Skodespelar

Jerry Seinfeld

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Jerry Seinfeld: 23 Hours to Kill