Jerry Seinfeld: 'I'm Telling You for the Last Time'

I'm Telling You for the Last Time var Jerry Seinfeld sin avskjedsturne med vitsane han i mange år hadde laga, bygd på og perfeksjonert. Etter at serien Seinfeld var over var han klar for noko nytt. Men først var han altså på turne.

Denne HBO-spesialen opnar med ei gravferd kor ei kiste full av vitsane til Jerry Seinfeld blir gravlagt. Ein vits slepp unna, blir frakta med vinden og plukka opp av ei liten gut. Guten møter straks på Jerry Seinfeld, og spør om ikkje vitsen er hans. Og om han kan fortelje vitsen ein siste gong.

Deretter følger litt over ein time med standupkomedie frå ein av dei beste komikarane. Eg er stor fan av Seinfeld. Eg har sett denne spesialen før, men tykte det var på tide å sjå han igjen. Og han leverer nok ein gong. Vitsane held seg godt over tjue år seinare. Noko av innhaldet er datert, men presentasjonen er tidlaus og alltid artig.

Eg kan anbefale denne spesialen om du likar Jerry Seinfeld, Seinfeld eller Comedians in Cars Getting Coffee.

Jerry Seinfeld: 'I'm Telling You for the Last Time' 1998 plakat - Filmdagbok