Jersey Shore

Serie · 2009 · · 13. januar 2015
3/5

Jersey Shore tok USA med storm då serien kom. Blant andre Michael Cera stod fram og viste si begeistring for serien, Saturday Night Live parodierte serien og dei største talkshowa gjesta karakterane. Og det som kjenneteiknar ein suksessrik reality var på plass, nemleg at programmet fekk massiv kritikk.

Konseptet er verken nytt eller spesielt innvikla. Åtte personar i 20-åra frå New York-område, har blitt samla i eit hus ved kysten av Jersey. Ein populær stad for feriering og festing. Felles for desse folka er at dei kallar seg sjølv for guidos og guidettes, som i all hovudsak i denne serien betyr at dei er italienskætta, jålete og opptatt av utsjånad, opphengt i å feste og sjekke opp folk. Sånt blir det god serie av.

Årsaka til at Jersey Shore har teke av er dei sjukt overdrivne personlegdommane til karakterane. Dei er enten passe dumme, fikserte eller dramatiske, eller ein drøss med andre tåpelege ting, og gjerne alt på ein gong, alle sidene er drege godt utover det naturlege mettingspunktet.

Eksempelvis har du Mike 'The Situation' Sorrentino, som stadig referer til seg sjølv som The Situation i tredjeperson, samtidig som han skyt inn ordet situation i alle situasjonar der det er mogleg. The Situation er òg kallenamnet på magemusklane hans, som han viser så ofte han kan.

Så er det Paul 'Pauly D' DelVecchio med sin ikoniske hårsveis, som han visstnok skal bruke over 25 minuttar på å stelle i stand, og minst ei tube gele vil eg gå ut frå. Han, som dei andre, er opphengt i gym, tanning and laundry.

Resten av folket er ikkje dårlegare. Det er ei altfor stor oppgåve å vise rettferd ovanfor persongalleriet her, ettersom alle har så mange sider som må trekkast fram for å gi lys over kor overdrive dette er.

Det er ikkje garantert at du vil like Jersey Shore, men for meg var dette så over toppen at eg blei fascinert allereie under introduksjonen av karakterane i første episode. Med dramaet her er det ingenting nytt, dette er til for å bygge opp rundt fargeklattane av folka som Jenni 'Jwoww' Farley, Sammi 'Sweetheart' Giancola og resten. Er originalitet noko du er på jakt etter styrer du unna. Kan du finne gull i søppel derimot, er det berre å sette seg ned.

Personleg blei eg hekta, ikkje berre av serien, men òg av alt oppstyret rundt han, den massive responsen på internett og i tv-kanalar. Denne serien ser ut til å ha like mange fans som set pris på kor tåpeleg det er som likar dette på eit seriøst grunnlag, og det resulterer ei stor straum av tilbakemeldingar.

Dette dør ut etter kvart, og serien utover første sesong er stort sett ei gjentaking av seg sjølv, men på ulike stader. Med lengre pausar mellom eg så sesongane, så fullførte eg til slutt serien. Strengt tatt ein del bortkasta tid, spesielt mellom første og siste sesongen. For i tillegg til første sesong så er siste sesong den som gir mest utbytte. Der møter me ein gjeng som til ei viss grad har vakse opp, og som ikkje passar konseptet så godt lenger. Dette byr på ein annan tone, og opnar for eit meir ærleg blikk på livet føre kamera.

IMDb-logo
Jersey Shore 2009 plakat - Filmdagbok