Jessica Jones (2015–2018)

Serie / 1. juni 2018
4/5

Netflix satser stort på Marvel, og Jessica Jones er i lag med Daredevil noko av det som kom ut i 2015. Serien handlar om ei kvinne som er etterforskar, og som vi lærer at også har nokon superkrefter. Men denne delen av personen hennes er noe spilt ned, mens den klassiske alkoholiserte og gretne personlegdommen som gjerne følger film noir og etterforskarar på film er meir synleg.

Det er denne dystre, film noir-aktige stemningen i lag med en tøff kvinne og en fantastisk god skurk som gjer Jessice Jones til en av dei beste seriane eg byrjar på i 2015. Held det fram like godt så er dette en klar kandidat til å hamna på en toppliste hjå meg i framtiden.

Krysten Ritter er Jessica, og David Tennant er skurken Kilgrave. Kilgrave kan få alle til å gjere som han vil ved berre å snakke til dei. Samtidig er han en ustabil og fæl fyr, som likar å sjå folk dø og ha det vondt. Jessica er en av dei han har såra, så hennes forsøk på å få has på han blir personleg.

Det var introen som først fikk meg forelska i serien. Elles var ikkje første episode den mest fengjande, men serien tok seg straks opp til et godt nivå etter dette. Med en samanhengande historie som verken kjennest forhasta eller for seint.

Jessica Jones 2015-2018 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Netflix, Marvel, The Defenders

Skapar

Melissa Rosenberg

Skodespelarar

Krysten Ritter, Rachael Taylor (II), Eka Darville, Carrie-Anne Moss, David Tennant, Janet McTeer, J.R. Ramirez, Wil Traval, Leah Gibson, Susie Abromeit

Sjangrar

Action, Drama, Krim, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Jessica Jones

Forfattar