Jie zi zhan shi

Film · 1992 · · 15. mars 2005
3/5

Eg er skuffa over dei siste Hong Kong Legends-innkjøpa mine. Dei fire siste har vore rimeleg svake, og mine framtidige investeringar vil gå til titlar frå andre selskap.

Ein teikneserieskapar, ein idiot såleis, vil trene og bli sterk så han kan redde svake og fattige folk. Så han gjer det, enkelt og greitt. Teknikkane er litt artige å sjå på, men skodespelet trekk godt ned her, og eg kunne ikkje unngå å irritere meg over det. Lyden var også ikkje sykronisert på DVD-utgåva, og bildekvaliteten var dårleg. Digitalt pussa opp stod det på omslaget, med mopp?

Den engelske tittelen er The Scorpion King.

Jie zi zhan shi 1992 plakat - Filmdagbok