Jim Carrey: Unnatural Act

Kva kan eg sei om akta til ein standupkomikar anna enn at det er morosamt eller kjedeleg? Litt om stilen kan komme på bane og sette lys på i kva grad behandlinga av tema er bra?

Dei fleste som har sett komediane med Jim Carrey frå 1990-talet kjenner stilen hans, prega av svært mykje kroppsspråk og fakter, grimasar og eit breitt spekter av ulike stemmer. I standupsamanheng er dette gull verdt, iallfall for at det skal slå igjennom for vedkommande.

Når ein komikar har både gode vitsar og i tillegg viser seg sjølv som ei energibombe som gir alt blir det skikkeleg gøy å sjå på. Det kan ikkje lykkast heile tida, men igjen, Jim Carrey har talent. Han overdriv så det held og halve showet hans er nok fakter, men du verda kor artig det er å følge med på.

Undervegs kom eg til å tenke Pablo Francisco som også til ei viss grad bruker grimasar, kroppslege rørsler og slikt til å danne visuelle bilde knytt til historiene sine. Han er også ein utruleg morosam standupkomikar må seiast. Her verkar Jim Carrey endå meir spontan, tar det heile mange hakk lengre og hoppar i blant godt ut av boksen på kva han faktisk har snakka om, berre for å overraske publikum til å le ekstra.

Ei varm anbefaling til dei som måtte sette pris på god, amerikansk standup.

Jim Carrey: Unnatural Act 1991 plakat - Filmdagbok