Jin yan zi

Film / 1968
3/5

Jin yan zi eller Golden Swallow, er ein slags oppfølgjar til Da zui xia eller Come Drink With Me. Golden Swalllow er ei ung kvinne som er dyktig innanfor kampsport.

I Jin yan zi har ho blitt skada i byrjinga, og får hjelp til å komme seg igjen. Omtrent i det ho er frisk og rask, byrjar ein mann å drepe skurkar og legge igjen hennar kjenneteikn på åstadane. Dette gjer at mange skurkar leitar etter ho for å ta hemn.

Det er inga kopling mellom historiene i Jin yan zi og Da zui xia, berre same skodespelar som spelar den same karakteren. Det er i og for seg greitt. Slåstinga er det viktigaste her, og den er fin å sjå på.

Historia er litt søkt. Handlingane som blir utført manglar ein fornuftig logikk. Og historia blir berre drygare utover i filmen. Motivasjonen til dei ulike karakterane er vanskeleg å forstå. Det er mest ei farty for å komme til andre slåstscener, men øydelegg litt. Eg får inntrykk av at filmen kunne ha gitt seg etter ein time, men han held fram i tre kvarter til. Mot slutten var eg lei.

Det beste med filmen er slåstinga. Det er sjeldan eg ser så mange drap i ein film. Kampsportmeisterane her er overlegne. Når den beste av dei svingar sverdet kan han drepe opp til fem eller ti stykker på ein gong. Og slikt er kult å sjå på film.

Mens Da zui xia var ein god film, vil eg rangere Jin yan zi som ein svakare ein, utan at eg gjer forskjell i rangeringstalet eg har gitt dei to. Ingen av dei er konkurrentar til å kjempe om plassen for topplasseringa blant Shaw Brothers Studio-filmar eg har sett. Trass i at eg sjølv fann desse to filmane på toppen av nokon andre si sånne liste.

Jin yan zi 1968 plakat - Filmdagbok