Jingle All the Way

Jingle All the Way med Arnold Schwarzenegger er ein film frå 1996. Og det er på grunn av Arnold Schwarzenegger at eg har sett filmen. Det er sånn det blir i oppkøyringa mot jul 2013, det blir ikkje nødvendigvis berre gode julefilmar eg kjem til å sjå, men det vil vere minst ein ting per film som gjer han verdt å sjå, for min del.

I Jingle All the Way spelar Arnold Schwarzenegger ein far som har brukt for mykje tid på jobben, og for lite tid med familien. Dette skal bli gjort godt igjen ved å gi sonen ein figur i julegåve, og å kjøpe denne figuren er lettare sagt enn gjort.

Filmen består av klisje på klisje. Midtpunktet for alt er figuren Turbo Man, som alle barn ønsker seg, og som det er stort hysteri rundt. Jingle All the Way er ikkje ein spesielt sterk film på manusfronten, og skjuler dårleg at han sjølv er ein reklamefilm for Turbo Man.

Filmen er ikkje god, og dessverre ikkje morosam dårleg. Han svevar midt i mellom alt, og er for det meste bortkasta tid. Arnold Schwarzenegger leverer enkelte minneverdige replikkar, men i lite minneverdig situasjonar.

Det skal meir til enn førjulstress og ein superhelt før eg kjem i julestemning. Jingle All the Way lykkast dermed heller ikkje der det siste håpet til filmen var.

Jingle All the Way 1996 plakat - Filmdagbok

Dato

1. desember 2013

Forfattar


Skodespel

Arnold SchwarzeneggerSinbadPhil HartmanVis alle

Merkelapp

Sjangrar

Land