Jingle Jangle: A Christmas Journey

Eg er glad i julefilmar, men eg har sett så mange at eg ofte tenker på budsjettproduksjonar frå Hallmark når eg tenker på julefilmar. Samtidig oppsøker eg dei som ser ut til å vere gode, og det var slik vegen leia til Netflix-lanserte Jingle Jangle: A Christmas Journey.

Skal eg med få ord skildre kva dette er, så vil eg kalle det ein musikalsk film for barn. Men han er utført slik at eg som vaksen fekk vel så mykje utteljing. Filmen dyrkar fantasi og oppfinnarevne, og får også plass til drama om ein splitta familie, samt kriminalitet i form av ein skikkeleg skurk.

Men det som i stor grad utgjorde den gode opplevinga var den gode produksjonen. Han rommar eit blikk for detaljar og får inn komiske avbrekk på dei rette stadene. Og ikkje minst av alt er det spennande lokasjonar som består av rike interiør og avgrensa uteområder. Avgrensa på den måten av mest mogleg er gjort ut av områda, og at alt utanfor er overlatt til fantasien. Og er det ein ting eg likar så er det filmar som utfordrar publikummet sitt litt, sjølv på det enklaste viset.

Det er mykje anna positivt eg kan trekke fram med Jingle Jangle: A Christmas Journey. Det er godt skodespel i fleire ledd, frå vaksne og etablerte Forest Whitaker til den unge nykomlingen Madalen Mills. Filmen leverer på gode songar, som blir å nynne på etter filmens slutt.

Eg håpar at eg slepp ein oppfølgjar til denne gode filmen.

Jingle Jangle: A Christmas Journey 2020 plakat - Filmdagbok