JLA Adventures: Trapped in Time

Film / 2014
3/5

I ein innleiande kamp blir Lex Luthor frosen ned i is. Tusen år seinare blir han tint opp igjen, og får handa på eit timeglas som lar han reise i tid. Og med det planlegg han å dra tilbake til tida før Justice League blei til for å stoppe gruppa i frå å bli noko.

Dette er i korte trekk historia i den 50 minuttar lange filmen frå DC. Mykje at tida består av slåsting og eksplosjonar, men litt av det er interessant om enn ukomplisert reflektering over paradoks ved reising i tid.

Det har gått eit par år sidan eg såg ein teiknefilm basert på ein DC-teikneserie, og JLA Adventures: Trapped in Time skuffa litt. Men han er ikkje del av DC Universe Animated Original Movies, og det kan forklare litt kvifor lengda er kort og ambisjonsnivået ikkje er så høgt.

Det er kurant teiknefilmaction, men eg anbefalar heller å sjå etter filmar som er komme ut under merkelappen DC Universe Animated Original Movies.

JLA Adventures: Trapped in Time 2014 plakat - Filmdagbok