Jobs

Film · 2013 · · 5. januar 2014
3/5

Ashton Kutcher spelar Steve Jobs i filmen om arbeidet og livet til Steve Jobs frå college til sin død.

Det er ein inspirerande film, då han tar for seg dei positive sidene til Steve Jobs og det han oppnår som følger av kompromisslause avgjersler i sitt eige selskap. På mange område er Steve Jobs eit forbilde i korleis målretta arbeid og vektlegging av kvalitet i produktutvikling kunne føre til gode resultat.

Mannen har sine svake sider, men det er ikkje vektlagt i så stor grad her. Og det er greit. Ein film, trass i at han ser på seg sjølv som ein biografi, er fiksjon og treng ikkje svare til alt.

Det skin gjennom at denne filmen ikkje har sete seg noko anna mål enn å fortelja om Steve Jobs og nokon prestasjonar. Det er ingenting som skil seg ut anna enn essensen til dyktigheita som er Steve Jobs. Filmen i seg sjølv er eit middels produkt. Til samanlikning klarte The Social Network, ein annan film sentrert rundt ei suksesshistorie innanfor teknologi, å komme ut av det som ein langt betre film, trass i ein mindre interessant person å basere seg på.

Jobs 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ashton KutcherDermot MulroneyJosh GadVis alle

Sjangrar

Land