Joe Versus the Volcano

Film · 1990 · · 6. august 2016
3/5

Joe Versus the Volcano er reine berg- og dalbana av kvalitetssvinginger. Frå stilig, via meiningslaus, kjedeleg, til spennande, romantisk til noko eige.

For å seie noko fornuftig om filmen er eg nøydd til å dele han opp, fortelja kva som skjer, og poengtere desse delene. Den totale rangeringa til filmen er ei samansetning av desse.

Ein grå og tung film med humoristiske undertonar opnar filmen. Tom Hanks spelar ein rutineprega og uheldig fyr i ein fæl jobb. Eg får assosiasjonar til filmar som Brazil og 1984. Vel utført og ein modig måte å starte ein romantisk komedie på.

Vår helt får ein dødeleg diagnose, sluttar i jobben, blir kontakta av ein rik fyr som gir han alle midlar i byte mot at livet endar noko tidlegare enn diagnosen tilseier. Deretter følger ein lengre montasje kor helten gjer lite meir enn å hygge seg. Fint for han, kjedeleg for oss.

Målet til helten, Joe, er å ta seg fram til ei øy og hoppe i ein vulkan. Så det er sagt.

I det Joe er ferdig å bruke pengar og flyttar seg til Los Angeles eit stykke ut i filmen, er det dei små kvalitetane til filmen byrjar å komme til overflata. Han møter ei kvinne, som er dottera til den rike mannen. Ho er spelt av Meg Ryan, som også spelte ein kollega av Joe i starten av filmen. Gjenbruk av skodespelarar er eit filmatisk grep som set sin useriøse spiss på det heile, til stor fornøyelse.

Og for å hoppe vidare til neste del av reisa umiddelbart, i det Joe går om bord eit seglskip som skal ta han til vulkanøya, møter han nok ein karakter spelt av Meg Ryan. Denne gangen er det kjærleiksinteressa, som blir introdusert seinare enn eg er van til. Grunnen til at det fungerer er at me allereie har fått Meg Ryan som skodespelar inn under huda, i form av dei andre morosame karakterane ho allereie har spelt.

Reisa til øya er den mest spennande delen av filmen. Plakaten legg ikkje skjul på kva som til slutt skjer. Frå å ha vore nærast dystopisk, har filmen gått vidare forbi å vere om gledene pengar har, til å bli ein svært tona ned film om personar på ein flåte.

På øya skjer det ikkje noko overraskande. Det er stort sett heilt greitt og føreseieleg, men klimakset er i overkant tåpeleg. Det betyr ikkje så mykje. Eg kunne ønske meg ein meir spenstig slutt, men han er passe trygg.

IMDb-logo
Joe Versus the Volcano 1990 plakat - Filmdagbok