John Adams (2008–2008)

Serie / 4. november 2015
4/5

John Adams er ein miniserie frå HBO som baserer seg på livet til advokaten, grunnleggaren og presidenten John Adams. Historia til serien spenner seg frå før fridomserklæringa til han døydde 50 år etter grunnlegginga til USA. Kreative fridomar er tatt.

Dette er ei gripande historie med mange interessante delhistorier. John Adams og kona Abigail Adams er det emosjonelle senteret til serien, mens personen John Adams og forholdet hans til tenestegjering for landet er blant dei raude trådane.

John Adams er ein diskutabel person på eit grunnleggande og prinsipielt nivå, og det er godt synleg i dette portrettet. Han er ein vanleg moderne hovudperson med sine mange feil. Trass i kva poenget skulle vere med å formidle dette, av erfaring er poenget ofte å framside svake sider som dyd, så oppnår serien fridom frå eventuelle sånne idear og engasjerer meg mest i form av historia.

All film og serie uavhengig av sjanger tar seg kreative fridomar. Kva som er sant og ikkje er difor eit spørsmål som lurer. Men dei store linjene stemmer, og som eit utdrag av historia og innblikket til USA i tidsperspektivet så er dette også interessert.

John Adams 2008-2008 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Tom Hooper

Skodespelarar

Paul Giamatti, Laura Linney, John Dossett, Stephen Dillane, Sarah Polley, Samuel Barnett, David Morse (I), Andrew Scott (I), Danny Huston, Ebon Moss-Bachrach

Sjangrar

Biografi, Drama, Historie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om John Adams

Forfattar