John Denver and the Muppets: A Christmas Together

John Denver and the Muppets: A Christmas Together er ein tv-spesial med The Muppets, denne gongen frå 1979. Han samlar seg rundt musikaren John Denver og eit utval julesongar han framfører i lag med The Muppets.

Blant julemusikk er John Denver and the Muppets: A Christmas Together ein av favorittplatene mine med julemusikk. Forventingane til denne tv-spesialen var urealistisk høge og den potensielle fallhøgda stor. Grunnen til at eg innleiar med desse opplysningane er nettopp at spesialen krasja fullstendig og enda opp med å bli eit traudig skode.

John Denver and the Muppets: A Christmas Together blei sendt på tv, men har aldri blitt lansert som video. Opptaket som sirkulerer er heilt greitt, men langt frå topp på lyd og bilde. På ein måte var dette utan betyding, for ønske om å sjå framføringar av favorittjulesongane mine var høgt nok. Men så viste det seg at det er andre versjonar av songane i tv-spesialen enn på musikkalbumet, og at desse var bleike i forhold. Programmet heng ikkje i hop på godt vis, og John Denver passar nok betre på plate enn på tv-skjermen.

John Denver and the Muppets: A Christmas Together 1979 plakat - Filmdagbok