John from Cincinnati

Serie
2007–2007
3/5

John from Cincinnati er blant dei mest spesielle seriane eg har sett siste par åra. I det legg eg at ting skjer som er vanskeleg og forklare, men også at det fungerer. Serien er ikkje topp, men fanga merksemda mi og vil bli hugsa for sin særeigne stil.

Det handlar om surfing, familie og overnaturlege fenomen. Mesteparten av serien går føre seg på få plasseringar, der mange av karakterane dukkar opp og snakkar mykje og på ein rar måte. Som om alle er innforstått med korleis ulike hendingar heng saman, men ikkje vil dele det med oss som ser på. Samtidig som det skjer ein heil del uforklarlege fenomen som dei ikkje skjønnar, og som fører til konfliktar og temperamentsfulle møter.

Det er vanskeleg å forklare John from Cincinnati, ettersom eg utover serien sit med stadig fleire spørsmål som aldri blir svare på. Serien blei avslutta etter første sesong, før serieskaparane byrjar å gi svar, om dei i heile tatt hadde nokon. Det betyr ikkje så mykje, for eg sit igjen med inntrykket om at dette var best i ein mindre dose, og at å dra ut det uforklarlege og forvirrande ville ha ført til keisemd.

For å dreie dette inn igjen på det som kan forklarast, og som gjer serien litt normal og knaggar for resten å henge på. John from Cincinnati handlar om tre generasjonar med surfarar. Den yngste, ein 14 år gammal gut, kan bli ei stjerne. Faren hans var ei stjerne, men fekk trøbbel med narkotika, og difor er bestemora og bestefaren tvilsame til å la han få konkurrere profesjonelt. Oppi det heile dukkar så John opp, ein ukjent fyr som på eit vis blir involvert i alle sine liv, og rare ting byrjar å skje.

Er du ute etter noko annleis, men som samtidig er godt produsert og har kjente og gode skodespelarar, så er dette ein fin serie å sjå. Han er akkurat kort nok til at det ikkje blir eit stort prosjekt å byrje på. Føretrekk du derimot lettare komedie eller action, der ingenting drar ut over tid, så kan du styre unna.

John from Cincinnati 2007-2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. juli 2015 av

Merkelapp

HBO

Skaparar

David Milch, Kem Nunn

Skodespelarar

Rebecca De Mornay, Greyson Fletcher, Willie Garson, Bruce Greenwood (I), Luis Guzmán (I), Keala Kennelly, Austin Nichols (I), Ed O'Neill, Luke Perry (I), Brian Van HoltVis alle 91 skodespelarar

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om John from Cincinnati