John Tucker Must Die

Uhøgtideleg girl power high school-film med skodespelarar som Jesse Metcalfe, Sophia Bush og Jenny McCarthy. Det er ein enkel film å fordøye og ingen store overraskingar i hendingsforløpet. Filmen er ikkje hysterisk morosam, men har sine augneblink innimellom som gjer at det likevel er artig å følge med.

Han minnar meg tidvis om Jim i American Pie når det kjem til tabbane som blir gjort her, og lydsporet er utan tvil i same sjanger. Grei film som ligg eit lite hakk over mykje av det andre som blir gitt ut av romantiske high school-komediar.

John Tucker Must Die 2006 plakat - Filmdagbok

Dato

12. november 2006

Forfattar



Sjangrar

Land