John Wick: Chapter 2

Kva kan bli sagt om John Wick: Chapter 2 som eg ikkje allereie har sagt om John Wick og John Wick: Chapter 3 - Parabellum? Ikkje stort, men filmen er like fullt ei svært underhaldande og brutal ein.

John Wick: Chapter 2 er ein rett fram actionfilm. Eg bomma då eg såg John Wick: Chapter 3 - Parabellum utan å ha sett denne først, men i det store og heile gjorde det ikkje så mykje for opplevinga av denne filmen. Det er tøft uansett.

Filmen held fram frå John Wick, og tar karakteren John Wick spelt av Keanu Reeves gjennom ei rask handling med mykje skyting i høgt tempo. Det er ikkje alltid sånt er artig i seg sjølv, men filmen evnar å overraske ofte innanfor dette. Kreative måtar å bruke våpen på, ting som verkar spontant. Eksempelvis finurlege metodar til å laste våpen med ny ammunisjon.

I tillegg er produksjonen i form av kamera og klypping godt utført. Me ser tydeleg kva som skjer, då ingenting blir gøymt bort av kamerautsnitt eller klypperytme som skjuler kva som skjer.

Er du glad i reinspikka action på uhøgtidleg vis, kan du få glede av denne og dei andre John Wick-filmane.

  • John Wick: Chapter 2 2017 plakat - Filmdagbok
  • John Wick: Chapter 2 2017 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    1. august 2020 av

    Merkelapp

    John Wick

    Regissør

    Chad Stahelski

    Manusforfattar

    Derek Kolstad

    Skodespelarar

    Keanu Reeves, Riccardo Scamarcio, Ian McShane (I), Ruby Rose (III), Common, Claudia Gerini, Lance Reddick, Laurence Fishburne, Tobias Segal, John LeguizamoVis alle 98 skodespelarar

    Sjangrar

    Action, Krim, Thriller

    Land

    USA, Italia, Hongkong, Canada

    IMDb

    IMDb-side om John Wick: Chapter 2