John Wick: Chapter 3 - Parabellum

Film · 2019 · · 4. mars 2020
4/5

John Wick: Chapter 3 - Parabellum er ein rett fram actionfilm, og ein brutal ein slik sett. Men også svært underhaldande. Med førre film gløymt frå minnet, sette eg i gong med denne. Gløymt fordi eg fann ut i ettertid at eg berre har sett John Wick og ikkje John Wick: Chapter 2.

John Wick: Chapter 3 - Parabellum byrjar rett på sak. Tida renn ut for John, som om ein time vil vere fritt byte i den kriminelle verda. Det er sett ein dusør på 14 millionar amerikanske dollar på å ta knekken på han.

Heile filmen er ei flukt og ein kamp. Og mange drap. Nesten hundre alt i alt på John. Både grusame drap, kreative og vanskelege. Både han og andre oppfører seg i blant som overnaturlege menneske med tanke på alt dei toler. Samtidig får filmen til å skape spenning om kor vidt dette vil gå bra.

Eg forventa mest av alt å bli underhalde, og det blei eg. Eg vil berømme filmen for sin gode flyt. Det går i eit, men eg blir ikkje lei. Det blir vanskelegare etter kvart for John. Og historia i filmen har eit mål å sjå fram mot.

Dette er ein film som tar seg sjølv uhøgtidleg. Motivasjonen til John, som fekk det heile til å starte i første filmen, er at nokon drap hunden hans. Og ut av dette har det kome tre filmar, og ein fjerde kjem i 2021.

Er du glad i reinspikka action på uhøgtidleg vis, kan du få glede av denne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
John Wick: Chapter 3 - Parabellum 2019 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Keanu ReevesHalle BerryIan McShane (I)Vis alle

Sjangrar

Land