John Wick

Keanu Reeves er ein tidlegare leigemordar som bli dratt inn igjen i den kriminelle underverda. Det er drapet på hunden hans som utløyser sinnet. Hunden er det einaste minne han har etter si avlidne kone. Og i hemntokta skyr han ingen midlar eller mektige motstandarar.

John Wick er ein rett fram actionfilm med nok tøffe scener til at det er godkjent. Keanu Reeves spelar ein typisk stillferdig, men utruleg farleg og dyktig mann. Litt som i ein klassisk western, berre dystrare og valdelegare enn eg har sett western stort sett vere.

Kanskje er det ingen stor film, og ingen nemneverdig film, men det er heller ingen bortkasta film om du skulle finne på å sjå han.

John Wick 2014 plakat - Filmdagbok