Johnny Guitar

Johnny Guitar stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm, og er ein westernfilm som er lett å like for både westernglade og filmglade generelt.

Dei sterke sidene til filmen er sterke kvinneroller, tøffe folk med pistolar og tøffe replikkar, ei enkel bakgrunnshistorie som gav filmen ein ekstra dimensjon, og eit effektfullt og tydeleg skilje mellom godt og vondi.

Balansen mellom humor og action er god. Humoren kom i form av lett gjenkjennelege, men gode klisjear i form av gode replikkar, som skapte glede og latter.

Filmen var forholdsvis mellomlang, men gjekk unna, med høgt tempo og godt driv gjennom heile.

Johnny Guitar 1954 plakat - Filmdagbok