Journey Back to Christmas

Film · 2016 · · 24. desember 2016
3/5

Journey Back to Christmas er ein julefilm frå Hallmark som kom ut i 2016. Mel Damski har regissert filmen, som har Candace Cameron Bure i hovudrolla.

Filmen er den siste av julefilmane eg ser før julaftan i år. Eg har sett 24 julefilmar og presentert desse mellom 1. og 24. desember 2016. Han blei valt ut både fordi han er relativt ny, er ein Hallmark-film, og fordi Candace Cameron Bure er ein av nokon skodespelarar som eg har valt som gjengangarar. Dette er den tredje filmen i år med ho.

Eg forventa ein hyggeleg og enkel film, men ikkje noko fantastisk. Dei aller nyaste julefilmane frå Hallmark har både sett litt billege ut, og vore veldig enkle. Eg var derimot spent på kva Oliver Hudson hadde å komme med i ein sånn samanheng.

Journey Back to Christmas handlar om ei kvinne som reiser i tid frå midten av 1940-årene til vår tid. Ho er både svært forvirra, og noko trist siden ektemannen blei meldt tapt i krig kort tid i forvegen. I vår tid møter ho både utfordringar, men evnar også å hjelpe menneska ho møter til å oppleve att meininga med jul. Dette er ein sånn film.

Filmen verkar hakket meir omfattande og kanskje også dyr, enn mange dei andre helt nye julefilmane frå Hallmark. Topp kvalitet er det ikkje, og heilt ekte får eg ikkje inntrykk av at verken snø eller utescenene er. Men det er ein solid nok produksjon til at merksemda blir trekt mot historia og karakterane. Og det er trass i alt ikkje meir eg håper på.

Candace Cameron Bure er noko forsiktig, og karakteren hennar noko flat i denne filmen. Det som manglar er enten meir uttrykk av sorg for å framheve den sida av karakteren hennar, eller meir engasjement og glede for å gjere noko ut av gleda ho faktisk bidrar med i handlinga. Karakteren til Oliver Hudson er derimot ei artig skrue, kanskje fordi eg har sett han spele ein komisk tøffel i Rules of Engagement. Men det er nok til å gjere dette litt morosamt for meg.

Historia er fin, og totalen av alt dette er ein grei film. Eg sit delvis igjen med kjensla av dette som ein masseprodusert sak, men så har han nokon innspel som hevar han nok til å bli si eiga greie. Eg kan ikkje med handa på hjarte anbefale filmen. Men har du sansen for Candace Cameron Bure, Oliver Hudson eller generelt nyare julefilmar og drama frå Hallmark, treng du heller ikkje avfeie han.

Journey Back to Christmas 2016 plakat - Filmdagbok