Journey to the Center of the Earth

I 1864 kom boka Journey to the Center of the Earth av Jules Verne, i 1959 kom den første filmatiseringa og i år var det igjen duka for nok ei filmatisering av bokklassikaren. At det i mellomtida har komme minst ei større filmatisering og fleire tv-produksjonar kan nemnast.

Det eg ikkje var klar over var at dette dataprega eventyret hadde ein tvillingbror i form av nok ein tv-produksjon, denne med Ricky Schroder, Victoria Pratt og Peter Fonda på rullebladet. Klar over det vart eg først når eg var komme så langt ut i filmen at eg tok til å sakne både ville dataanimasjonar som vist i filmtraileren og at verken Brendan Fraser eller unge Josh Hutcherson aldri dukka opp. Eg hadde rett og slett bomma og fått tak i feil film.

Første reaksjon på feilsteget var latter på eiga rekning, det skal nemnast at eg såg filmen åleine. Etterpå blei eg forbanna på meg sjølv for å kaste vekk tid på slik dårleg film. Det skal vidare nemnast at eg likevel såg filmen ferdig. Til slutt blei eg eigentleg berre glad over at det framleis er håp for ein passe kul adapasjon filma i 3D i løpet av året.

Eg såg altså ein tv-film, som i blant var heilt grei, andre stader verka han å ha vore filma i ein boks med pappfigurar i hovudrollene. Det kjem aldri fram truverdige kjensler på skjermen. Lite av det som kjem ut av munnane i heile tatt er overbevisande grunna slett skodespel.

At historia i utgangspunktet er bra er jo sjølvsagt, det er Jules Verne si historie, men i prosessen frå bok til film har denne blitt mishandla i forma og det hadde mykje å sei.

Journey to the Center of the Earth 2008 plakat - Filmdagbok