Joyeux Noël

Film · 2005 · · 13. desember 2011
3/5

Joyeux Noël handlar om julefeiring ved fronten under første verdskrig. Tyske, franske og engelske styrkar møtes i vinterkulda for litt champagne, julemusikk og kos.

«Christmas pudding of a production tries to satisfy all and ends up pleasing none», skreiv Paul Byrnes i The Sydney Morning Herald då Joyeux Noël hadde premiere i 2005. Byrnes er inne på noko, sjølv om eg ikkje er helt einig i at dette er ein pudding av ein film.

Joyeux Noël fortel om våpenkvila ved fronten i desember 1914. Hendingane er basert på ei sann historie som involverte rundt 100 000 soldatar. I filmen møter me tre små troppar, med tyske, engelske og franske soldatar. Eit par hundre menn og berre ein brøkdel av totalen.

For å ta grunnane til at dette ikkje er ein pudding først. Joyeux Noël får fram den grufulle sida ved første verdskrig. Det var i stor grad ein krig som handla om hyppig slakting i fronten. Over fem millionar liv gjekk tapt på slagmarkene. Eit poeng. Delen av filmen som handlar om julekos og sånt gjer eit viktig poeng ut av at folk har mange likskapar og fellestrekk. Eit julepoeng.

Grunnen til at Joyeux Noël er ein pudding er at han avgrensar hendinga til troppane i filmen. Det blir ikkje snakka om dei andre soldatane som gjorde det same. Me får servert ei løgn som går på at maks eit par hundre var involvert. Eit minuspoeng for faktafeil. Det heile drar ut og blir for positivt til at eg klarer å svelge det som realistisk. Det handlar om premissane filmen lager for seg sjølv. Filmen kunne ha vore forutan det romantiske innslaget. Eit halvt minuspoeng.

Poeng, julepoeng om minuspoeng blir 3/5. Eg blir aldri frelst, men anerkjenner at Joyeux Noël prøver å røre.

IMDb-logo
Joyeux Noël 2005 plakat - Filmdagbok