Jul i Skomakergata

Serie · 1979 · · 24. desember 1998
3/5

Jul i Skomakergata er kanskje den julekalenderen som har gått mest på NRK opp gjennom tidene. Heile sju gonger. Sjølv såg eg serien sannsynlegvis både i 1993 og 1998, så dette innlegget blir først og fremst eit innlegg basert på mimring.

Sjølve kalenderen til denne serien, den saka i papir som du kjøpte på butikken, var blant dei mest spennande kalendrane eg kan hugse. Serien varierte mellom gode og kjedelege stunder. Det var stort sett dei små tinga eg ønska meir av, som Tøflus. Og eg ville sjå meir av gata, men dette var jo sjølvsagt eit avgrensa filmsett.

Det var nok ein av mine første møter med serien som gjorde meg nysgjerrig på kva som skjer utanfor bilde. Det vil si bak kamera. Og der var det jo berre fantasien som kunne fylle på, akkurat som i ein situasjonskomedie. Du veit det er eit filmsett, men prøver å sjå for seg kva som er bak kamera.

Jul i Skomakergata 1979 plakat - Filmdagbok