Julekongen

2012–2012 / Serie
24. desember 2018
4/5

Julekongen er NRK sin julekalenderserie frå 2012, og handlar om ein gut som oppdagar ei verd med riddarar.

Guten heiter Kevin, og er ein oppfinnsam gut som har funne ei hole i fjellet der han gøymer seg for å bygge og finne opp nye ting. Ein dag rasar ein vegg i hola ned, og ein gang til ei anna verd blir avdekka.

Kevin finn ein hanske i denne gangen, som fleire har lyst å få fingrane i. Og i den nye verda, som heiter Riddardalen, kan det verken bli snø eller jul igjen før den rette personen får hansken.

I løpet av 24 episodar følgjer vi Kevin, hans morosame familie, nye venner, gamle fiendar og heltar og skurkar frå Ridderdalen. Serien er full av god humor for vaksne såvel som for barn. Skaparane har hatt ein sans for detaljar, som eg finn mykje glede i.

Episodane er cirka 25 minutt lange, og blir opplevd som for korte, då det både er spennande og eg alltid vil sjå meir. Ved nokre stunder såg eg fleire episodar om gongen, og ville gjerne sjå fleire enn eg hadde tilgjengeleg då òg. Dette er eit kvalitetsteikn og noko som vitnar om ei god historie bygd opp på godt vis.

Julekongen 2012-2012 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg