Jumanji: Welcome to the Jungle

Film · 2017 · · 1. mars 2020
3/5

Dwayne Johnson, Kevin Hart, Jack Black og Karen Gillan spelar fire tenåringar som hamnar i ei spelverd og tek kroppen til kvar sin spelkarakter.

Etter å ha blitt sittande igjen på skulen, oppdagar dei eit gammalt tv-spel. Når dei set i gang spelet, forsvinn dei frå vår verd og inn i spelverda til ein jungel. Dei møter på ein mann som seier at den einaste måten å komme ut på, er å få til spelet. Dei må finne ein edelstein og få han tilbake til der han høyrer heime. Og alt dette med ein skurk i hælane og farlege utfordringar som jungelen byr på undervegs.

Det er mykje humor i Jumanji: Welcome to the Jungle. Og filmen er ein god og spennande eventyrfilm. Det er på sett og vis lite nytt med han, men eg tykkjer at han gjer det bra med det han har. Det er ei forståeleg historie som går an å følgje, med nokre avstikkarar her og der. Men i motsetnad til mange moderne storefilmsatsingar så unngår han å bli for mykje av alt. Det går an å tenke tilbake på filmen og tenke med seg sjølv at eg fekk med meg kva han handla om, og at eg hugsar det. Det burde vere sjølvsagt med ein film, men er ikkje det.

Samtidig kan Jumanji: Welcome to the Jungle overdrive på den gode måten, så det blir festleg heller enn støyande. Eg tykkjer han treff godt, og fekk eigentleg meir enn forventa.

Jumanji: Welcome to the Jungle 2017 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Dwayne Johnson (I)Kevin Hart (I)Jack Black (I)Vis alle

Sjangrar