Juno

Film · 2007 · · 14. januar 2008
5/5

Roger Ebert kåra Juno til den beste filmen i 2007. Den respekterte, amerikansk filmkritikaren har tidvis skrytt hemningslaust over filmar eg ikkje har hatt den største gleda av, men når det gjeld Juno er eg einig. Hadde eg sett denne før det nye året sette inn hadde han sanneleg skulle fått ein plass på mi toppliste også. Om ikkje dette luktar skryteinnlegg nok så kan eg godt stadfeste at det er, først som sist.

Juno er ein dramakomedie om ei 16 år gammal jente som blir uønskt gravid. I hovudrolla er kanadiske Ellen Page. På overflata er karakteren ganske avslappa til tanken om at ho over ni månader vil bli større og større. Ho er da likevel ikkje av typen som gir faen i alt, sjølv om ho gjerne vil framstå slik. Ellen Page er inkje mindre enn perfekt, verken for slapp eller spent i spelestilen. Ho får støtte av Michael Cera, Jason Bateman, Jennifer Garner og J.K. Simmons til å komplettere skodespelet i filmen. Det er gjort ein god jobb i å tilpasse manuset eller finne dei rette folka.

Jason Reitman står for regi og Diablo Cody for manus. I lag har dei laga ein film som er både rar og koseleg, tilgjengeleg og lettfordøyeleg, alvorleg og veldig aktuell, utruleg morosam og rørande. Juno klarer å røre mange sider ved tematikken på ein og ein halv time, og framstår som ei perfeksjonering av typen seriøst vinkla komedie.

Det er alltid eit godt teikn når du har lyst å sjå filmen på nytt før han er ferdig. Når daglegdagse gjeremål som å lage frukost med microbølgeomnen får meg til å smile av pur glede for måten kamera og klipping jobbar i lag på. Når du tenker at Michael Cera er den nye helten fordi han går med oransje panneband og eigentleg aldri utfører store bragder. Når du kan lese tankane til ei jente gjennom at ho løftar tungt, røyker pipe og syklar, utan at filmen gjer eit stort nummer av å gjere dette eksplisitt.

Slik er mykje av filmen. Der bilde og tale gjerne jobbar på eiga hand når dei ikkje går direkte i lag. Når eg har lyst å sei alt om filmen, men innser at det aldri vil vere mogleg å gi ei verdig skildring, der berre ei sterk anbefaling er god nok.

IMDb-logo
Juno 2007 plakat - Filmdagbok