Just Before I Go

Film · 2014 · · 7. mai 2016
3/5

Ein 41-åring meiner livet hans ikkje har meining, og bestemmer seg for å oppsøke fortida før han tar livet av seg.

Seann William Scott er hovudpersonen i dette lette og humoristiske dramaet som klarer å smette inn tema som sjølvmord, homofili, Downs syndrom, død og familietrøbbel. Dette utan at filmen på nokon måte blir tung eller blir opplevd som ein film med preikande agenda, og utan å ta for lett på problema innanfor temaa som er tatt opp.

Det er Just Before I Go sin største styrke. Ei anna god greie her er karakterane, som fint navigerer forbi stereotypar og klisjear, men som du veit har det kjente som inspirasjon.

Courteney Cox gjer med dette ein god regidebut. Det manglar perfeksjon, originalitet eller sterkare kjensler før det blir knallbra, men er absolutt innanfor det eg ser på som god film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Just Before I Go 2014 plakat - Filmdagbok