Just in Time for Christmas

Film · 2015 · · 20. desember 2016
3/5

Sean McNamara har regissert julefilmen Just in Time for Christmas frå Hallmark. Filmen kom ut i 2015 og er ein romantisk komedie med nokon dramatiske element.

Bakgrunnen for at eg valde å sjå denne filmen var i samband med Hallmark-tematikken eg har valt for julefilmane eg har sett i år. Hovudrolla til Eloise Mumford var også utslagsgivande, etter å ha sett ho i ein av årets beste julefilmar, Christmas with Holly.

Just in Time for Christmas handlar om ei ung kvinne som har funnet seg til rette i ein liten by, kor ho har ein kjærast som er i ferd med å fri til henne. Så dukkar eit tilbod opp om å publisere ei avhandling som ei bok, og eit tilhøyrande professorat. Problemet er at ho i så fall må flytte. Litt i ånda av A Christmas Carol av Charles Dickens blir ho etter nokon omstende eg ikkje skal oppsummere, sendt fram i tid for å kunne oppleve konsekvensane av kva eit ja til tilbodet vil bety.

Filmen har sannsynlegvis hatt eit avgrensa budsjett, og blir opplevd noko som ein studiofilm. Dette i motsetning til nokon av dei litt eldre filmane til Hallmark som har eit større preg av å vere spelt inn ute på plasseringar. Heldigvis er det berre i dei små stunder dette blir opplevd som avgrensande for stemningsbygginga til filmen.

Forutan Eloise Mumford som er ein god skodespelar, dukkar både Christopher Lloyd og William Shatner opp her. Utan at det nødvendigvis trekk filmen opp. Michael Stahl-David er motspelaren til Eloise Mumford, og har ein god kjemi med henne.

Just in Time for Christmas svarar nok ikkje til forventingane som blei skapt med Christmas with Holly ferskt i minne. Det er ein heilt grei film, men drar også noko ut. Eg vil konkludere med at han er så vidt under midten av skalaen, og er ein film å gløyme. Det går gjerne nokon dagar frå eg ser ein film til eg skriv om han, og i dette tilfelle måtte eg lese meg opp igjen på handlinga for å hugse.

Just in Time for Christmas 2015 plakat - Filmdagbok