Just Like Heaven

Så føreseieleg som at døgnfluger dør, men ein grei film. Søte Reese Witherspoon varmar hjarte, Mark Ruffalo gjer ei grei rolle og Jon Heder er akkurat spesiell nok til å bli interessant også i denne filmen.

Den einaste grunnen til å sjå denne filmen er at han ikkje krev noko av deg, og gir ei god kjensle ved å vere ei fin kjærleikshistorie på den morosame måten. Og viss du er klar for ein film med ein lykkeleg slutt.

Just Like Heaven 2005 plakat - Filmdagbok