Just One of the Guys

Film / 1985
3/5

Terry er blant dei penaste og mest populære jentene på skulen. Når ho vil hevde seg i ein konkurranse mellom journalistar i lokale skuleaviser, er inntrykket hennar at utsjånad blir eit hinder for at ho skal bli teken seriøst. Det er på tide å kle seg om.

Ein hårklypp og herreklede er alt som skal til for å forvandle vakre Terry (Joyce Hyser). Byte av skule og nye venner følger etter kvart, og det blir fort klart at dette er ein film som er ute etter å vise for ungdommen, at ting ikkje alltid er slik som du trur dei er, når du er ungdom. Passe gøy er det uansett. Terry hamnar i ein del kniper som krev glupe eller frekke utvegar, og slikt blir det komedie av.

Som med mykje ungdomskomedie går ikkje dette så djupt, og utfoldinga av handlinga ligg aldri langt unna det forventa. Det blir heller aldri eit minus, for filmen legg ikkje spesielt vekt på overraske. Den enkle handlinga kring kjønnsskifte med tanke på utkledning er åleine godt nok til å bere ein film av denne sorten.

Enkel moro og ein komedie som har noko den vil seie, som trekk litt opp, sjølv om eg ikkje ser på bodskapen som noko nytt for min del. Artige karakterar og ein del episodar som gjer inntrykk undervegs, reint komisk sett.

Just One of the Guys 1985 plakat - Filmdagbok