Just the Way You Are

Film · 2015 · · 22. november 2016
2/5

Just the Way You Are er blant dei få Hallmark-filmane frå nyare tid kor ei kvinne poserer åleine på plakaten, i forgrunnen. I bakgrunnen er saka ei anna.

Denne filmen med Candace Cameron Bure og Ty Olsson i hovudrollene handlar om eit vakse par som må gjere ein ekstra innsats for å gjenopplive romantikken i sitt forhold.

Dei har begge jobbar som krev mykje, og har over tid glidd inn i ein rutine som handlar for mykje om å få timeplanen til å passe, enn å vere spontane og oppmerksame på kvarandre.

Just the Way You Are har inga sterk historie som driv det hele, og heller ingen inspirerande mål som kan knyte filmen som ein heilskap. Det blir difor ein film som allereie nokon dagar etter nesten har gått i gløymeboka.

Det eg saknar mest av alt er sterkare kjensler, som eg tenker er dei primære verkemidla til Hallmark-filmane. Når det blir fråvær av dette, slit eg med å finne så mykje glede i filmen. Unntaket er nok humoren i nokon klisjeane.

IMDb-logo
Just the Way You Are 2015 plakat - Filmdagbok