Justice League: Doom

Film · 2012 · · 14. april 2012
3/5

Den første DC Universe Animated Original Movies i år er den tredje Justice League-filmen i animasjonsfilmsatsinga til DC. Bak stemmene til Batman, Superman, Green Lantern og The Flash er Kevin Conroy, Tim Daly, Nathan Fillion og Michael Rosenbaum.

I filmen møter Justice League-medlemmene motstanden i sitt liv i ein fiende som kjenner svakheitene deira. Den 50 000 år gamle skurken Vandal Savage truar med å utrydde verda og starte opp igjen ein ny og primitiv sivilisasjon.

Justice League: Doom er godt på veg til å vere blant dei mørkare superhelteforteljingane, men manglar indre konfliktar hjå superheltane. Dei kjemper mot ein felles og tydeleg ytre fiende, Vandal Savage. Våpenet hans mot dei enkelte spelar på psyken deira, men effekten er at dei blir fysisk lamma. Dette avgrensar filmen til å bli reindyrka action.

Det er avgrensa med overraskingar i ei historie om å hindre undergangen til verda, men Justice League: Doom oppnår likevel spenning og dramatikk. God timing og ei truverdig historie med reelle truslar, alt sett i samanheng med DC-universet, gjer at filmen på 77 minuttar oppnår eit godt underhaldingsnivå.

Justice League: Doom 2012 plakat - Filmdagbok