Justice League: The Flashpoint Paradox

Den Flash-sentrerte handlinga i Justice League: The Flashpoint Paradox handlar om ei notid som brått har endra seg, og Flash er den einaste som er klar over dette og kan ordne det.

Det er ei dyster notid, og det verkar håplaust. Filmen klarer på godt vis å skape inntrykk om at det ikkje vil gå. Då betyr det lite kva som skjer til slutt, for filmen blir spennande undervegs.

DC Universe Animated Original Movies har som regel ei god historie på plass. Sjølv om det er det her også, tar kampscenene over mesteparten av tida, og dei er ikkje så spennande.

Justice League: The Flashpoint Paradox 2013 plakat - Filmdagbok