Justice League: The New Frontier

Film · 2008 · · 29. april 2008
3/5

Justice League: The New Frontier er den andre filmen i rekka av samarbeidsproduksjonar mellom DC Comics og Warner Bros. Planen er at DC Universe Animated Original Movies, som serien av filmar heiter, skal komme med 2–3 nye filmar kvart år. Hittil er det Superman: Doomsday som eg nyleg har sett og denne filmen her som har blitt lansert.

Forutan å vere knytt til det same superhelteuniverset har ikkje filmane all verda til felles, Superman og Lois Lane som går igjen i begge dei to filmane hittil både ser annleis ut og har andre stemmer. Produksjonsmetoden er lik, men teikninga er annleis her. I følge Wikipedia har denne filmen vore truverdig mot stilen i originalteikneserien han er basert på, DC: The New Frontier, med sine firkanta fingrar, musklar og kjevar. Dette er med på å bidra til å gi filmen eit tidsmessig korrekt preg då denne stilen gjerne er noko eg knyt til eldre teikneseriar, og historia her går føre seg på 1950-talet.

Ikkje berre i form av teikningane gir Justice League: The New Frontier djupne til tidsepoken, i form av historie og sjølvsagt karakterane, heltesynet og mange små detaljar klarer filmen å få meg inn i eit modus som eg stort sett finn meg sjølv i når eg blar igjennom gamle superhelteblad. Trass i det at teikneserien filmen er ein adapsjon av ein teikneserie som kom ut mellom 2003 og 2004.

Med tanke på handlinga leverer dette i både pose og sekk. Her skjer det nok heile vegen, som med 70 minuttar er knapt. Men filmen er likevel lang nok. Det blir gitt god tid til oppbygging og dei viktigaste karakterane i Justice League får verdige introduksjonar. Ein felles fiende som eg skal unngå å røpe noko meir om er det naturlege samlingspunktet som sidan utviklar seg til å bli senteret for det høgaste punktet på spenningskurva.

Justice League: The New Frontier manglar litt futt i kantane, men framstår som ein meir komplett og vaksnare film enn forgjengaren i serien. At han skal gripe tak i så mykje som han gjer er både positivt og negativt, det gjer at det ikkje finst eit dødpunkt i filmen, men gjer også at historia hoppar litt fort fram i blant.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Justice League: The New Frontier 2008 plakat - Filmdagbok