Justice League: Throne of Atlantis

I DC Universe Animated Original Movies 22. film, og den første i 2015, er det spenning mellom undersjøiske Atlantis og Metropolis. Arthur Curry, også kjent som Aquaman, får samtidig fortalt si opphavshistorie.

Filmen tar opp tråden etter Justice League: War. Justice League eksisterer mest som eit namn, og dei ulike superheltane har gått kvar til sitt. Men når ein undersjøisk trussel truar freden mellom land og hav, må dei igjen samle kreftene.

Det startar litt tregt, og eg hadde ikkje dei største forventingane. Eit utgangspunkt eg gjerne har før teiknefilmane til DC Universe Animated Original Movie. Men gang på gang viser dei seg å fortelja gode og spennande historier, og Justice League: Throne of Atlantis er ikkje eit unntak. Det er ikkje den tøffaste, mest seriøse eller interessante av filmane, men er ein godt over middels god teikne- og actionfilm.

Utover dette er det lite å tilføre. Filmen endar totalt sett opp som ein god film, men er nok helst for eksisterande fans, og ikkje så mykje for nye og søkande. Til dette finst det andre og betre DC Universe Animated Original Movie-filmar.

Justice League: Throne of Atlantis 2015 plakat - Filmdagbok