Justice League: War

Justice League: War er 19. film i serien av rett-på-video-filmar frå DC Universe Animated Original Movies. Det er ei opphavshistorie om Justice League, som slår knokane saman for å kjempe mot den mektige fienden Darkseid. Me følger Green Lantern i det han blir kjent med Batman, og i det dei to igjen møter på Superman, Wonder Woman, Flash, Shazam og Cyborg.

Den korte affæren på 80 minuttar er stappfull av superkrefter som slåst, men har samtidig ei spennande historie som gjer at slåstinga har ei hensikt. Men det er helst den tyngande dramatikken og kjemien eller samspelet mellom superheltane som etter kvart utmerkar seg som hovudårsakene til at Justice League: War ikkje forsvinn i ein evig runddans med slåsting og øydeleggingar.

Filmane frå DC Universe Animated Original Movies har ein tendens til å vere stabilt gode produksjonar, med stort sett gode historier, men varierer ved at noko utmerker seg som endå betre. Eg opplev Justice League: War som ein av dei beste filmane hittil, men vegen til at det berre er tanketom slåsting er kort. Filmen krev dermed at alt av historie blir lagt merke til.

På fleire måtar gler eg meg etter kvart langt meir til neste DC Universe Animated Original Movies-film enn eg bryr meg om superheltefilmane som kjem på kino. Historiene er betre, filmane er kortare, og den type massive øydeleggingar som sjangeren byr på passar meg oftast betre i teiknefilm.

Justice League: War 2014 plakat - Filmdagbok