Justified

Serie
2010–2015
4/5

Gang på gang blei eg begeistra over kor gode sesongane til Justified var, trass i at nesten alle brukte litt for lang tid innleiingsvis på å skape engasjement.

Kvar sesong av Justified har si historie. Dei går føre seg kronologisk og har eit par tema som kryssar over frå ein sesong til neste, men i hovudsak er Justified bygd opp sånn at du kan sjå ein tilfeldig sesong og få noko ut av det. Du vil då ikkje få med deg all forhistorie, som er nødvendig for å få det beste ut av det, men nok.

Det heile handlar om ein marshal som blir forflytta tilbake til heimstaden, og må jobbe derifrå om han vil behalda marshal-stillinga. Heimstaden er ein skiten gruveby med mange kriminelle element, og ein stad han for lengst trudde at han hadde blitt ferdig med.

Det er litt western over det heile. Marshal-fyren er spelt av Timothy Olyphant, som hadde litt av den same tilbakelente stilen når han spela i Deadwood, så eg hadde dette bilde med meg inn i Justified. Med western meiner eg at geografien og tematikken stemmer. At vår hovudrolle ikkje er heilt A4 i si tolking av lova passar inn her. At miljøet nesten er i eit lovlaust ingenmannsland, der lokale og kriminelle krefter set sit preg.

Det er tøft, og det er ein solid serie med ei god historie. Det er ikkje førstevalet mitt eller ei topplassering, men ein god serie å få med seg etter du har tråla gjennom det beste av det beste. Og det flotte er også at Justified held seg godt frå første til siste sesong.

Justified 2010-2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. april 2015 av

Skapar

Graham Yost

Skodespelarar

Timothy Olyphant, Nick Searcy, Joelle Carter, Jacob Pitts, Erica Tazel, Walton Goggins, Natalie Zea, Jere Burns, David Meunier, Jonathan KowalskyVis alle 644 skodespelarar

Sjangrar

Action, Krim, Drama, Mysterium, Thriller, Western

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Justified