Juyuso seubgyuksageun

Film · 1999 · · 9. oktober 2006
3/5

Katakombefilm-film nummer seks var den siste på programmet, og han var litt verre å følge med på etter ein lang dag med filmar. Fleire i publikummet hadde sovna, og eg var ikkje langt i frå det sjølv. Det seier seg sjølv at etter 12–13 timer film så vil kroppen gjerne finne på litt anna, som å sove.

Filmen er ikkje dum han, men blir i lengste laget uansett trur eg. Ideen er artig, men blir fort brukt opp, og resten av filmen blir derfor berre dratt ut. Valden, karakterane og handlinga generelt er til tider ganske sjukt, men vart ikkje så sjukt at det vart spesielt.

På engelsk heiter filmen Attack of the gas station.

Juyuso seubgyuksageun 1999 plakat - Filmdagbok