Kaboom

Film · 2010 · · 29. juli 2012
2/5

I periodar traktar eg mot filmar med bestemte skodespelarar. Eg ser ein eller nokon filmar med ein eg likar, og bestemmer meg for å sjå fleire utan å vere for kritisk til kva det er.

Kaboom så eg fordi Juno Temple er med, men også fordi Thomas Dekker er med og filmen er laga av Gregg Araki. Gregg Araki har blant anna regissert The Doom Generation.

Då eg nå har etablert Gregg Araki som del av dette, har eg for dei som kjenner han sagt at dette er ein spesiell film. Og ein dårlegare ein er det også, for å ha fått dette ut av verda.

Det handlar om lite meir enn ei gruppe collegestudentar som har sex. Inntil ein dag noko alvorleg skjer, utan at eg skal røpe meir. Filmen er ikkje dårleg produsert, men er enkelt og greit ikkje interessant tematisk for meg. Gregg Araki skal ha skryt for at han framleis etter tjue år held på med sine apokalyptiske saker og temaet seksuell legning.

IMDb-logo
Kaboom 2010 plakat - Filmdagbok