Kabul Express

Film · 2006 · · 7. oktober 2007
4/5

Kanskje favorittfilmen min under filmfestivalen Katakombefilm i 2007. Indiske Kabul Express handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywood-stjerner. Det er ikkje ein typisk Bollywood-film. Fråvær av tradisjonelle songnummer og ei lengd på ein og ein halv time er uvant.

Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på rekning av ei god stemning, eller at det vert noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre partar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Kabul Express 2006 plakat - Filmdagbok