Kadaver

Film · 2020 · · 19. februar 2021
3/5

Kadaver er ein norsk skrekkfilm som blei laga til lansering på Netflix i 2020. Handlinga er sett i ei postapokalyptisk verd. Kanskje i Oslo, kanskje i ein fiksjonell norsk by. Me får vite via gamle avisoverskrifter at ei atomulykke er årsaka. Namnet på avisa drar filmen i retninga av at byen me er i er oppdikta. Eg blei mest oppteken av dette fordi det tilfører filmen ein ekstra verdi av å vere fantasirik.

Filmen har ei god oppbygging, og er god på å gi berre det mest nødvendige av informasjon til å drive handlingar framover. Det byrjar med ei skildring av eit hardt liv for ein familie på tre. Så dukkar det opp ei moglegheit til å få litt glede inn i livet. På eit gammalt hotell med utsikt over byen inviterer eigaren til teater, og familien vi følgjer skaffar seg billettar.

Stemninga i publikumssalen på hotellet er frå første stund anspent for oss som ser filmen. Og eg vil her skyte inn at eg synst filmen er ganske god nettopp på stemningsbygging. Det gir inntrykk av at eit eller anna er i gjære heile tiden.

Så tek det ikkje lang tid før opphaldet utviklar seg i ei farleg retning for familien vår. Her vil eg også gi meg med handlingsreferatet. Vidare i filmen så er det mange moglege retningar som filmen kan gå, og det held han interessant. På eit par sett kunne eg ønska at filmen utforska meir, då han legg opp til mykje god potensiell mystikk. På ei anna side så leverer han godt nok. Eg får inntrykk av at dette er ein godt gjennomtenkt film, som berre manglar dei siste fullførande grepa. Kanskje kunne han ha vore endå litt drygare, ikkje nødvendigvis grafisk, men i form av kor utspekulert det kunne bli. For ein gongs skuld så saknar eg eit endå dystrare utfall.

Les også meldingar på p3.no (norsk) og www.lydogbilde.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Kadaver 2020 plakat - Filmdagbok