Kairo

Kairo er den japanske skrekkfilmen som amerikanske Pulse er ein ny versjon av. Oversett betyr tittelen akkurat det same som sin fjerne amerikanske slektning, og er ein av dei få likskapane desse filmane deler. Ein annan er raud lerretteip.

For å dra ei godt brukte frase, desse filmane er som natt og dag. Dei er vidt ulike på nesten alle område, og eg kan ikkje komme utanom å samanlikne. Det er dessutan ein god måte å trekke fram kva som er bra med Kairo.

Pulse var ein film som febrilsk prøvde å leite etter ei form for logikk bak hendinga. Han spelte på fancy effektar og digitalt bilde, brå sekvensar og ny teknologi.

Kairo er langsam, og har ingen scener som gjer at eg skvett. Eg var derimot nære ved å ta meg ein pause for berre å gå rundt og hente meg inn igjen.

Dette er ein typisk japansk grøssar der heile filmen er trykkande og nervepirrande, og det er jo det som er tingen med skrekkfilm. Her er ingen heltar som skal finne ei løysing. Ligg det kanskje meir i japanarane sin kultur å godta ting som dei er? Eg veit ikkje, men det verkar sånn, og det gjer seg godt i ein skrekkfilm.

Sarte sjeler bør halde seg unna, dette er eit drøss med grøss. Eg vart skremt.

Kairo 2001 plakat - Filmdagbok